lanekassen.no

Website:https://www.lanekassen.no
Oppstemmer mottatt13
Nedstemmer mottatt11
Karma:1 (oppstemmer-nedstemmer)



0 opptjente Skilt

Ingen merker ble funnet



Definisjoner (66)

1

3 Thumbs up   0 Thumbs down

ord


Forklaring
Kilde: lanekassen.no (offline)

2

3 Thumbs up   1 Thumbs down

lån


Pengar du får som du har forplikta deg til å betale tilbake.
Kilde: lanekassen.no (offline)

3

2 Thumbs up   0 Thumbs down

behovsprøving


Inntekta og formuen din avgjer om du har rett til ein del stipend. Behovsprøving vil seie at vi sjekkar kor stor inntekt og formue du hadde i perioden med støtte, for å avgjere kor mykje stipend du har rett til. Det er eigne inntektsgrenser for trygdeytingar.
Kilde: lanekassen.no (offline)

4

1 Thumbs up   2 Thumbs down

inkasso


Betaler du ikkje etter varsel om oppseiing, går saka di til Statens Innkrevjingssentral (SI) for vidare innkrevjing. SI kan ta trekk i løn/trygd, eller ta pant i mellom anna bil, bustad og bankinnskott. 
Kilde: lanekassen.no (offline)

5

1 Thumbs up   0 Thumbs down

innfriing


Du kan når som helst betale inn heile lånet ditt. Det vil seie at du har innfridd lånet.
Kilde: lanekassen.no (offline)

6

1 Thumbs up   2 Thumbs down

terminforfall


Terminforfall er tidspunktet for innbetaling. Første terminforfall er sju månader etter avslutta utdanning.
Kilde: lanekassen.no (offline)

7

1 Thumbs up   0 Thumbs down

ordinært lån


Ordinært lån er lån som til vanleg ikkje kan bli gjort om til stipend. Basisstøtta du får etter reglane for høgare og anna utdanning, blir først utbetalt som lån. Ein del av basisstøtta kan bli gitt som omgjeringslån,  medan resten blir gitt som ordinært lån.
Kilde: lanekassen.no (offline)

8

1 Thumbs up   0 Thumbs down

tilretteleggingssemester


Semester med opplæring i språk og samfunnsfag for studentar som skal ta ei gradsutdanning i eit land som ikkje er engelskspråkleg. Det er spesielle reglar for å få støtte til  eit slikt  semester.
Kilde: lanekassen.no (offline)

9

0 Thumbs up   0 Thumbs down

annuitetslån


På eit annuitetslån er summen av renter og avdrag lik kvar termin (dersom rentesatsen er den same). Det vil seie at rentedelen av det du betaler, blir mindre etter kvart som lånet blir mindre, og avdragsdelen aukar.
Kilde: lanekassen.no (offline)

10

0 Thumbs up   0 Thumbs down

avtalegiro


Avtalegiro er ei betalingsløysing der banken sørgjer for at ei rekning blir betalt frå kontoen din på rett dato. Du kan bestille avtalegiro i nettbanken din eller på Dine sider.
Kilde: lanekassen.no (offline)


For å vise alle 66 definisjoner, vennligst logg inn.